SESONGAR
Brimi Fjellstugu blir drifta like variert gjennom året, som dei fire årstidene våre. Fjellet er kjend for store variasjonar, og det er nettopp sjarmen med dette som styrer mange av opplegga våre.
Vinter og vårsesong
Vårsesongen på fjellet er ei magisk tid som markerer overgangen mellom vinter og sommar. Snøen smeltar, og fjella vaknar til liv att. Dagane blir lengre, og fjellet blir fylt med lyden av rennande bekker og
fuglesang.
Opplegga våre denne perioden kan du lesa meir om under fana «pakker».
Vårsesongen varar frå påske til fyrste helga i mai.
Sommarsesong
Sommersesongen på fjellet er prega av milde temperaturar, grønt fjellandskap og dyr på beite. Snøen er borte, og fjella er tilgjengelige for fine aktivitetar. Vandring er populært, så vi har merka fleire gode turløyper i
området.
Denne tida på året har vi utvida mattilbodet, og valfriheita større.
Sommersesongen varar frå 20. mai til 20. august.
Haustsesong
Haustsesongen på fjellet er kanskje den aller finaste. Fargane sprakar og lufta er heilt spesielt klår denne tida på året. Vi tek gjestane våre med på fjelltur og lagar bållunsj i heile denne perioda.
Haustsesongen varar frå 1. august til slutten av september.
Vi opnar dørene att for helgeopplegg, firmagrupper og adventskos mellom 15. oktober og 15. desember.
Bestill overnatting og pakker
Unn deg nokre gode dagar i eit av dei vakraste seterlandskapa i landet
– med mat, opplevingar og triveleg samvær.