Om oss

Velkommen til Nordsætrene og fjellvatnet Tesse. Med arkeologiske funn heilt attende til steinaldertid, kan du no rusle rundt på gamle stigar og oppleve området. Her er landskapet ope, underlaget snilt og turmoglegheitene mange.

Nordsætrene er ei setergrend tufta på lange tradisjonar og rik kulturhistorie. Fleire av setrene har framleis sommardrift med kyr, mjølking og utsal. Vår gode nabo, Brimi Sæter, har dreve setra kvart år så lenge ein kan hugse. Her kan du møte mange slags dyr sommarstid, sjå korleis mjølka blir til ost eller berre slappe av og nyte fjellet.

Fleire tusen år attende i tid, har Tesseområdet vore brukt som eit matfat. Det vere seg  fjellauren i Tessevatnet, men også jakt på villrein lengre inn i fjella.

Brimi Fjellstugu er velsigna med nøgde gjestar som kjem att gong etter gong – og mange nye som kjem til kvart år. Vi oppmodar difor alle besøkande om å bestille opphald i god tid – til gjengjeld lovar vi dykk opplevingar å leve lenge på.

Ei levande setergrend

Rundt fjellstugu ligg ei levande setergrend som er i drift heile sommaren, rike fiske- og badevatn og ein klatrepark mynta på både store og små utforskarar.

På Brimi Fjellstugu er vi særs opptekne av personleg service og står støtt i vertskapsrolla med omsorg for kvar einaste gjest. Vi er alltid til stades sjølve når vi får gjestar, da må ein jo halde seg heime! Vi tek i mot deg i fjellheimen – og målet vårt er at du skal føle deg som heime i både fjellet og på fjellstugu.

Har du spørsmål eller særskilde ynskjer for opphaldet, så hjelp vi gjerne til med å skreddersy ditt fjelleventyr. Ta kontakt!

Fjellhelsing frå Vegard og Eva, Lene, Yngve, Jeanette og Harald Brimi.

Bordbestilling:

e-post post@brimi-fjellstugu.no
eller
telefon 612 39 812