BrimiSkogen – utfordringar for alle!

Oppe i og mellom furutrea i BrimiSkogen Klatrepark blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Her får du oppleva kor sterk du verkeleg er. Styrkande, for både sinn og skinn, som det seg heiter.

Klatreparken har fem løyper som alle heng oppe mellom trea. Løypene har ulike vanskegradar og er i ulike høgder over bakken. Vi har bygd opp parken slik at vi har utfordringar for alle. Undervegs kan du alltid få hjelp til å koma deg ned på bakken att, når ein vil. Vi seier som i fjellet – her er det heller ingen skam å snu.

BrimiSkogen Klatrepark ligg idyllisk til i ein gamal og godt vaksen fjellfuruskog, omslag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu.

Aktivitetane i Klatreparken passar for alle, både for store og små!

Flott utsikt frå trekronene i BrimiSkogen

Du treng ikkje gå på dei høge fjelltoppane i Jotunheimen for å få god utsikt. Frå tretoppane i klatreparken vår får du eit vidstrakt utsyn over Tessevatnet og høgfjella i Jotunheimen og Reinheimen. Og suget i magen er enno sterkare.

Oppstart kvar dag i sommarferien frå kl. 10.00, og leiken i tretoppane må avsluttas innan kl 15.00. Inga førehandsbooking!

Klar for ei utfordring?
Gå for ei oppleving i klatreparken!