SKREDDERSYDDE PAKKER

Her finn du ei oversikt over pakker med overnatting og guida fjellturer,
familiepakker og skreddersydde pakker
for privatpersonar, firma og grupper.

Hausthelg med bållunsj til Steinbua

Seinsommaren er vakker i fjellet og været ofte mest stabilt. Haustfargane sprakar og lufta er klår og frisk. Dette er heilt klart den finaste tida i fjellet! I alle august- og septemberhelgene sel vi denne populære pakka med fjelltur, bållunsj og besøk på Vianvang hjå Arne Brimi.

Les meir om program og innhald under!

Velkomen til fjells for mat og kvile.

Sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj

Eit par helger i året byr vi på det beste frå oss og Brimi Sæter. På desse unike helgene til fjells får du sjølv bestemme om du ynskjer å bu på Brimi Sæter eller på Brimi Fjellstugu som ligg eit steinkast frå kvarandre. Ein kveld et du middag «heime» og den andre kvelden ruslar vi på besøk til naboen for middag.

Les meir om program og innhald under!

Matkurs med Arne Brimi

Eit matkurs i Brimiland  er ei storarta oppleving der Arne sjølv deler av sin kunnskap og inspirerer deg til nye krumspring på kjøkenet heime.

Heile eine dagen er de på Vianvang, Arne Brimi sin draum og restaurant. Her vert det mat- og vinkurs, temaet er «Gastronomi i Jotunheimen». På matkurset vert du inspirert og lærar meir om «den gode og opphavlege smaken». Les meir under.

Helg med utelunsj i
Brimi Skogen

Denne pakka sel vi både frå tidleg vår til sein haust. Her kan oppleva det beste frå både fjellstugu, saman med Arne Brimi ved bålet og på Vianvang. Helga er stappfull av gode smakar og trivelege stunder både ute og inne. Les meir under.

Eksklusiv Brimihelg med gode matopplevingar

Er du glad i mat og ute etter noko litt meir eksklusiv gastronomi, kombinert med nære kulturhistoriske opplevingar? Desse eksklusive helgene gjev deg ein smak frå alle bedriftene i fjellet. Både Vianvang, Brimi Sæter, BrimiSkogen og oss. Les meir om innhaldet under.