Overnatting i tømmerkoie

Har du nokon gong overnatta i ei gamaldags, tømra skogskoie? Stemninga er ei heilt eiga. I BrimiSkogen har vi tre tømmerkoier med 6 sengeplassar i kvar for utleige.

Her kan du oppleva det autentiske hyttelivet med spraking i Jøtulovnen, ta eit slag yatzy og kjenne på roa i skogen på kveldstid. Du kan nyte stillheita på verandaen før du kanskje ruslar bort på Brimi Fjellstugu for ein betre middag. God og mett ruslar du attende for å legge deg i soveposen. Bålplass tilgjengeleg for matlaging.

Idyllen blir fullkommen når du vaknar til fuglekvitter før du kan starte dagen med morgonkaffe kokt på vedomnen – kan hende med ein liten visitt i det nyreiste fuglekikkartårnet nede ved utosen av Tesse? Dusj og toalett berre eit steinkast unna.

«Morgonkaffe smakar alltid best i fjelluft»

Innsjekk gjer du på Brimi Fjellstugu. Her kan også lintøy og handkle enkelt leiast og frokost eller middag tingast!

Book overnatting i
tømmerkoie