OPPLEVINGAR & TURTIPS

La bilen stå og ta føtene fatt. Brimi Fjellstugu er ei flott base for små og større eventyr til vanns, lands og i lufta med.

Steinbua 1264 moh

Vår absolutte favorittur! Turen startar på Brimi Fjellstugu. Turen er skilta og merka med raude punkt på steinar undervegs. God stig heile vegen. Det er flatt dei fyrste 2 km, men blir brattare opp mot Koppflye (200 hm). Her kjem du til eit stigkryss der ruta mot Steinbue er merka. Området har ei mengd kulturhistoriske minne, som jakt- og fangstanlegg. Noko myrlendt på flata inn mot bua.

Turmålet er ei steinbu som alltid står open. Denne ligg lunt og fint til ved ei lita tjønn, Kopptjønne, innunder fjellet Søre Koppe.

Middels krevande. Lengde: 8,5 km Tidsbruk: 3 timar t/r

Veslvassfjellet 1192 moh

Ein enkel, men veldig fin tur med god utsikt!

Denne ryggen strekkjer seg frå Valdestrene ved Lemonsjøen og mot Tesseosen. Ein lett og fin tur etter godt merka stig i skog/åpent fjellandskap. Turen startar ved Tesseosen kor du kan parkere. Følg så grusvegen innover mot Endesetra. Her følger du grusvegen mot venstre før det er skilta opp til venstre i skogen. Dette er ein traktorveg som går over i stig. Turen går på berg siste biten via Saghøi. Fin varde på toppen og flott utsikt mot Tessevatnet og Lemonsjøen. Utsikt også mot Kvitingskjølen og Glittertinden.

Lett tur. Lengde: 10 km. Tidsbruk: 1-2 timar

Tessefjellet 1571 moh

Denne turen kan gåast som ein rundtur, eller du kan bli kjørt/henta i Smørlia i Smådalen. Om du vil gå den som ein rundtur, startar turen langs grusvegen langs Tessevatnet. Ta opp Bakselabakken mot Smådalen.

Mange startar gjerne i vegkrysset før Smørlia. Her går det ein kjerreveg nordover opp mot fjellet. Denne går så over i ein fin stig. Ved ankomst Sylvetjørni (1403 moh), går stigen til høgre langs vatnet og vidare nokså rett opp mot høgaste punkt. Dette er en tur som går i mykje i steinterreng, men noko lyng i starten og slutten. Nedturen går via den namnlause toppen 1492 moh og så ned en bratt stig ned elveleiet til høgre for Torfinna. Flott utsikt mot Tessevatnet, Smådalen og Glittertind. 

Om du ynskjer ein kortare tur, er turen opp til Sylvetjørni og ned att veldig fin, 5 km t/r.  Sylvetjørni er også ein fin plass for telting og fisking!

Middels krevande. Lengde: 9 km (frå Smørlia – Brimi) Tidsbruk: 3-4 timar

Gråvåhøi 1765 moh

Denne turen har ikkje merka stig heilt fram, og har derfor fleire aktuelle rutevalg. Landskapet er ope og oversiktleg. Turen startar frå Brimi Fjellstugu/Brimi sæter på same måte som om du skal gå mot Steinbua eller Kvitingskjølen. Området har ei mengd kulturhistoriske minne, som jakt- og fangstanlegg. Den kortaste og enklaste adkomsten får du ved å følgje dei søre koppflyene innover mot toppen. Lett turterreng inn mot foten av fjellet. Grei oppstigning ved den søraustlege foten, langs eggen opp på høgaste punkt. Vidstrakt og flott utsikt mot Lom, Rondane, Tesse og Kvitingskjølen.

Middels krevande. Lengde: 14 km Tidsbruk: 5-6 timar

Tour de Tesse på elsykkel

Tessevatnet er Lom kommune sitt største fjellvatn, og rundt dette finn du fine grusvegar og stigar. Å trø Tesse rundt på sykkel er ein fantastisk tur i nydeleg kulturlandskap, med Jotunheimen som storslåtte kulisser. Vi har to elsyklar til utleie.

Middels krevande. Lengde: 35 km Tidsbruk: 3-4 timar

Sæterkos på Brimi Sæter

Gjer som budeia og husdyra, nyt livet på setra!

I tunet herskar ei heilt spesiell ro, Her kjenner du både på levande kulturhistorie og sjelefred. Er du i følgje med små eventyrarar, finn dykk som regel kattungar og mange seterdyr å helse på. Her kan du fylgje ysting via vindauge på låven eller sjå Seterosten bli modna i kjellaren, Vil du ta del i mjølkinga, så spør gjerne i resepsjonen!

Galdhøpiggen

Ingen over, ingen ved sidan! Lettgått og trygg bretur over Norges tak til den høgste fjelltoppen i Nord-Europa – ikoniske Galdhøpiggen på 2469 moh. Fin utfart å kombinere med besøk i Lom nasjonalparklandsby.

Kjøreturen frå fjellstugu til Juvasshytta tek omlag ein time. Hugs å bestille breføring på førehand!

Besseggen

Det er med god grunn at dette er ein av Noregs mest populære fjellturar! Fantastisk utsyn over Jotunheimen og med den luftige kjensla over eggen, er det berre å nyte det spektakulære synet ab dei irrgrøne vatna på kvar side.

Dette er ein krevande tur med godt over 1000 hm. Turen er 14 km lang og tek rundt 8 timar frå Memurubu til Gjendesheim.

Kjøreturen frå fjellstugu til Gjende tek omlag ein time. Hugs å bestille båtbillett på førehand!

BrimiSkogen klatrepark

Oppe i og mellom furutrea i BrimiSkogen Klatrepark blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte.

Klatreparken har fem løyper som alle heng oppe mellom trea. Løypene har ulike vanskegradar og er i ulike høgder over bakken. Vi har bygd opp parken slik at vi har utfordringar for alle.

BrimiSkogen Klatrepark ligg idyllisk til i ein gamal og godt vaksen fjellfuruskog, omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu.

Aktivitetane i Klatreparken passar for alle, både for store og små!