Kvil godt

Brimi Fjellstugu byr på mat og kvile til kring 50 gjestar. Du kan sjekke inn på hotellrom, leige eigen hytte eller heile fjellstugu til møter og andre arrangement.

På Brimi Fjellstugu har alle rom eiga bad. Vi husar 10 dobbeltrom, 10 juniorsuitar, 3 eksklusive Fjellsuiter med balkong og badekar og ei frittståane hytte på tunet med tre soverom.

Fellesareala er romslege og stemningsfulle, sofaene er djupe og mjuke og peisen er det stort sett alltid fyr på. Her kan du gjøyme deg bort med ei god bok eller varme deg framfor ein av peisane med noko godt i glaset.

Utsynet er godt, og rett utanfor døra ventar snilt fjellandskap, gode stigar og enkle turmål. Sjølvaste Jotunheimen med sine 2000-meterstoppar ligg som vår næraste nabo. Kvitingskjølen (2064 moh) finn du ein god dagsmarsj unna.

Dobbeltrom / Twinrom

Våre 19 kvm store dobbeltrom er lunt og koseleg innreda, anten med dobbeltseng eller separate senger. I lenestolen kan du slappe av etter en dag med opplevingar. Alle bad er med dusj og har hygieneartiklar frå norske Sprekenhus. 

Det er mogleg å ha med hund på enkelte av våre rom, ta direkte kontakt om dette!

Jr. Suiter – familierom

Våre 24 kvm store juniorsuiter er romslege, og lunt innreda med gode dobbeltsenger og sofakrok med sovesofa. Vi har ei juniorsuite med peis, men denne kan kun bookast via mail om den er ledig, og fungerer ikkje som familierom. Alle bad er med dusj og har hygieneartiklar frå norske Sprekenhus. 

Det er mogleg å ha med hund på enkelte av våre rom. Ta direkte kontakt om dette!

Fjellsuiter

Våre nybygde fjellsuiter på 27 kwm byr på flott fjellutsikt, mjuke wonderland senger og gode møbler. Her kan du skjemmast bort etter lengre fjellturar og gode måltid. Suitene er romslege og vindaugene store. Dei to største har også møblert balkong. Badet er stort og inneheld både dusj og badekar, samt herlege produkt frå norske Sprekenhus.

Her kan du brygge din eigen kaffe og kjenne fjellufta få skuldrene til å senke seg. Denne romkategorien tillet ikkje hund dessverre.

Bestill overnatting og pakker

Unn deg nokre dagar i eit av dei vakraste seterlandskapa i landet
– med mat, opplevingar og triveleg samvær.