Eit måltid og minnast

På kjøkenet på Brimi Fjellstugu legg vi vår stoltheit i god, heimelaga mat med røter i tradisjonar frå bygda og lokal setertradisjon. Ambisjonane er høge og framføringa stolt. Råvarene er som oftast stuttreiste, gjerne frå lokale ørretvatn, fjellbeite og jaktterreng.

Etter endt dag ute i naturen ventar ferdigdekte bord. Så er det berre å setja seg ned ved ein sprakande peisild i forventing om matopplevingane som skal kome. På kveldane sett vi ofte saman gode 4-rettars menyar med utgangspunkt i sesongens beste råvarer.

Du er sjølvsagt velkomen til å bestille bord i restauranten sjølv om du ikkje bur!

Smakar av ørret, rein og rype frå heimfjell og fiskevatn

I sommarsesongen serverer vi enkle lunsjrettar på dagtid og 3 til 5-retters menyar om kvelden. Spør oss gjerne om ei passande vinpakke til. Du kan oppleve smakar av ørret, rein og rype frå heimfjellet kring fjellstugu.

Resten av året tilpasser vi menyene våre etter sesongen i matfatet og ynskjer frå gjester. Vi tilpasser også sjølvsagt alle matavvik om du melder frå i god tid!

Vi samarbeidar tett med Arne Brimi, og tilbyr pakkar med opphald på Brimi Fjellstugu toppa med heilaften på gourmetrestauranten Vianvang. Vianvang ligg 4 km frå oss, og dit skysser vi deg fram og attende. Ei oppleving av dei sjeldne!

Bordbestilling:

e-post post@brimi-fjellstugu.no
eller
telefon 612 39 812

Låg puls og gode opplevingar