SOMMAR I BRIMILAND

Sommersesongen på fjellet er prega av milde temperaturar, grønt fjellandskap og dyr på beite. Fjellet inviterer til mange slags aktivitetar og innomhus kan du nyte roa og fjellsmakene.

Sommaroppleving

I sommarvekene i skuleferien pakkar vi ikkje aktivitetspakker, men du bestemmer sjølv når du kjem og kor lenge du vil vera. Vi byr på ulike typar rom, alt frå enkeltrom til familierom og fjellsuiter.

Vi har lunsjservering kvar dag og middagen blir servert kvar kveld mellom kl. 18.30 og 21.00. Du reserverer bord og tidspunkt ved innsjekk. Vi byr på 3-rettars og 5-rettars menyar, og sjølvsagt eigne barnemenyar!

Vi kjem gjerne med gode turtips i området.

Augusthelg med bållunsj på Steinbua

Seinsommaren er vakker i fjellet og været ofte mest stabilt. I alle august og septemberhelgene sel vi denne populære pakka med fjelltur, bållunsj og besøk på Vianvang hjå Arne Brimi.

Les meir om program og innhald under.

«Helg midt i veka» med bållunsj på Steinbua

Seinsommaren er vakker i fjellet og været ofte mest stabilt. I alle august og septemberhelgene sel vi denne populære pakka med fjelltur, bållunsj og besøk på Vianvang hjå Arne Brimi. Helgene er faktisk så populære at vi sel dei også som «Helg midt i veka» frå onsdag til fredag!

Les meir om program og innhald under.

Helg med utelunsj i BrimiSkogen og Vianvang

Denne pakka sel vi både frå tidleg vår til sein haust. Her kan oppleva det beste frå både fjellstugu og saman med Arne Brimi ved bålet og på Vianvang. Helga er stappfull av gode smakar og trivelege stunder både ute og inne. I sommarsesongen er denne tilgjengeleg i juni. Les meir under.