Frå ystehus til Fjellstugu

Brimi fjellstugu var originalt eit gamalt tømra ystehus frå Brimi Sæter der bestefar Harald Brimi kom frå som gutonge. Han fekk ei tomt på enden av seterjordet, og der sette han opp tømmerstua, grov ut eni kjellaretasje og bygde på ein halv i høgda, slik at starten var 10 gjeste-sengeplassar. I dag kan du oppleva oss som ei fjellstugu med historisk sjarm, moderne fasilitetar og rik meny med kortreiste råvarer.

Frå starten i ysthuset som vart reist til påska i 1948, er Brimi fjellstugu bygd fint ut fleire gonger. Seinast med ny restaurant, spisesal, resepsjonsområde toppa med moderne møterom og fjellsuiter i 2023.

Undervegs har vi lagt vekt på å ta vare på tradisjonane, byggestilen og kanskje det viktigaste – personlig service og heimleg atmosfære uttrykt gjennom både vertskap og interiør.

Vegen til Brimi Fjellstugu

Brimiland er eit land som ikkje er teikna inn på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men landet finst – mellom Vågå og Lom i Gudbrandsdalen. Brimi Fjellstugu er lett å nå anten du kjem vestover frå Valdres, opp gjennom Gudbrandsdalen eller sørover frå fjordane på Vestlandet.

Bordbestilling:

e-post post@brimi-fjellstugu.no
eller
telefon 612 39 812