Møterom med utsikt
Våre nye møterom byr på panoramautsikt over majestetiske fjelltoppar og frodig fjellandskap. Møteromma er utforma for å gje deg den perfekte kombinasjonen av komfort og inspirasjon.
Vi har to møterom i ulike storleikar og med ulikt møblement, men båe med høghastigheits fiber, tilgang til kamera (teams), godt lydanlegg og kanon/skjerm.
«Lunsj til lunsj – pakke»
Vår mest populære møtepakke varar frå lunsj til lunsj. Her får du: to retters lunsj båe dagane, kaffe/te og frukt gjennom dagane, ei overnatting med frokost samt 4-rettars meny på kvelden.
Ta kontakt for pristilbod på dette!
Møterom Mogop
Opplev Mogop! Med sine 70 kvm er dette det største møterommet som tilbyr fleksibel møblering og stort lerret. Kapasiteten her er på 50 personar. Møterommet har direkte utgang til omgjevnadene for effektive pauser med frisk fjelluft!
Mogop er fjellblomen over alle fjellblomar – og det ynskjer vi at møterommet skal fungere som også.
Møterom Røsslyng
Opplev vår unike møterom Røsslyng! Med ein endevegg i naturkork, store lysekroner, komfortable stolar og majestetisk utsyn er dette litt mindre møterommet perfekt for styremøter for inntil 15 personar. Også her har du direkte tilgang til uteområder for effektive avbrekk. Rommet har tv-skjerm med hdmi tilkopling, kamera og lydanlegg.
TA KONTAKT FOR BOOKING AV MØTEROM
epost post@brimi-fjellstugu.no
eller
telefon 612 39 812
Bestill overnatting og pakker
Unn deg nokre dagar i eit av dei vakraste seterlandskapa i landet
– med mat, opplevingar og samvær frå øvste fjellhylle.