JUL I BRIMILAND

Velkomen til fjells for den gode julestemninga og den heimelaga maten. I den mørke førjulstida råder roa over fjellet. Alt går litt saktare, dagane er stutte og rundt peisbålet gløymer dei fleste førjulsstresset.

jul

Adventshelg

Advent i fjellet tør vi påstå er spesiell. Tidleg mørkt, fyr på peisen og juleluktar i huset skal gje deg og dine ein forsmak på julehøgtida.

Vi ynskjer velkomne til fjells for mat og kvile, heimelaga julesmakar og ein laurdaskveld i lag med mesterkokken Arne Brimi. Det blir også julelunsj laurdag på Brimi Sæter med gode historiar, tradisjonell julemat og stemningsfullt felespel.